Assistent
Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vekse
Vil du vere med og skape bevegelsesglede og matglede? Trivst du i team fylt med engasjement og leikne kvardagar? Da er det deg vi ser etter!
Naustdal Idrettsbarnehage blir drifta etter Læringsverkstedet sitt idrettskonsept. Vi nytter pedagogisk idrett som metode for å nå måla våre, og vi ønskjer at alle barn skal oppleve bevegelsesglede og matglede i kvardagen. Vi nyttar kroppen aktivt i kvardagen – i leik, læring og utvikling. Vi meiner at aktive barn er glade barn, og at læring skjer best når heile kroppen er med.
Barnehagen består av seks avdelingar med ca. 100 barn, og ligg sentralt i Naustdal. Med fjord, fjell og natur tett på, er moglegheitene gode for turar og friluft.
Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og eigen kokk.
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss jobber du med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø. Vi har eit attraktivt pedagogisk konsept med tilgang til mye pedagogisk materiell i vår ressursbank. Du held deg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, samt tariffavtale gjennom PBL. Læringsverkstedet har eit løfte til alle tilsette: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."
Er du den vi leiter etter?
Som assistent vil du jobbe aktivt og lojalt med gjennomføring av barnehagen sine daglege gjeremål og pedagogiske opplegg, i samsvar med vår verdiplattform, mål og planar. Vi får verdas viktigaste verdiar til å vekse!
Korleis ein arbeidskvardag ser ut
- Sjå til at barnehagen blir drifta i samsvar med Læringsverkstedet sin verdiplattform og kvalitetsstandard
- Inngå i gode relasjonar til barn der den vaksne og barnet er likeverdige. Der den vaksne lyttar, lar barna medverke, slik at dei utviklar sine ferdigheiter og får tro på seg sjølv
- Bidra med ei positiv innstilling og pågangsmot, både for barna og for arbeidsmiljøet
- Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, til dømes samlingsstund, aktivitetar, leik, rutinesituasjonar, gjennomføre saltoplanar og være ein god rollemodell
- Ha medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
- Halde deg fagleg oppdatert, samt delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet
Kven vi trur kan passe i rolla
Du må vere ein relasjonsorientert person som ser kvart enkelt barn. Du lyttar og er lydhøyr på kva barna ønskjer å formidle. Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barns leik og utvikling.
Du står fram som løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkast i rolla må du kunne kommunisere med menneskjer med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst. Vi ønskjer ein assistent som er god, varm og ein omsorgsfull vaksenperson. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale. Du må identifisere deg med Læringsverkstedet sine verdiar.
Kvalifikasjoner
- Erfaring frå arbeid med menneskjer og/eller liknande stilling
- Du må ha eit ønske om å jobbe i en Idrettsbarnehage for å bidra til barn si utvikling i eit trygt og godt barnehagemiljø
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
- Du må være ein aktiv vaksen samen med barna og være til stades.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
- Politiattest må leggast føre før tiltreding, men skal ikkje leggast ved søknad
- Søkaren må vere personleg skikka for stillinga.
Om Læringsverkstedet
I Læringsverkstedet jobbar vi for å få barna til å vokse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Vi ser etter medarbeidarar som ønskjer å bidra og gje av seg sjølv, som evner å lytte til andre, dele erfaringar og styrke felles ambisjonar. Viljen til hele tiden å bli betre, både fagleg og menneskeleg, er ein føresetnad for alle som jobbar i Læringsverkstedet.
Vi er ein av Norges største private barnehageeigarar med 250 barnehagar og 7000 tilsette, og vi er eigd og drifta av pedagogar. Hos oss vil du oppleve eit stort fagleg nettverk og vårt løfte til alle tilsette er: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."
Vi får verdens viktigste verdier til å vokse!