Barnehagelærer

Søknadsfrist:  11.05.2026
Firma:  Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage AS
Sted:  Naustdal
Adresse:  Berrvellene 36
Kontraktstype:  Midlertidig kontrakt
Stillingsprosent:  100%

Bli med å få verdas viktigaste verdiar til å vekse

Vil du vere med og skape bevegelsesglede og matglede? Trivst du i team fylt med engasjement og leikne kvardagar? Da er det deg vi ser etter!

Vi har ledig eit årsvikariat som barnehagelærar frå august 2026 til juli 2027.

 

Naustdal Idrettsbarnehage blir drifta etter Læringsverkstedet sitt idrettskonsept. Vi nytter pedagogisk idrett som metode for å nå måla våre, og vi ønskjer at alle barn skal oppleve bevegelsesglede og matglede i kvardagen. Vi nyttar kroppen aktivt i kvardagen – i leik, læring og utvikling. Vi meiner at aktive barn er glade barn, og at læring skjer best når heile kroppen er med.

Barnehagen består av seks avdelingar med ca. 100 barn, og ligg sentralt i Naustdal. Med fjord, fjell og natur tett på, er moglegheitene gode for turar og friluft.

Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med pedagogar, fagarbeidarar, assistentar og eigen kokk.

 

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss jobber du med engasjerte og dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø. Vi har eit attraktivt pedagogisk konsept med tilgang til mye pedagogisk materiell i vår ressursbank. Du held deg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, samt tariffavtale gjennom PBL. Læringsverkstedet har eit løfte til alle tilsette: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."

Er du den vi leiter etter?

Som barnehagelærar er du fagleg og administrativ medansvarleg, for aktivt å implementere Læringsverkstedet sin verdiplattform og kvalitetsstandardar. Du bidreg i utføring og planlegging av daglege gjeremål, prosjekt og aktivitetar, på lang og kort sikt.

 

Korleis ein arbeidskvardag ser ut

  • Sjå til at barnehagen blir drifta i samsvar med Læringsverkstedet sin verdiplattform og kvalitetsstandard
  • Skape eit trygt, godt, engasjerande og spennande læringsmiljø for barn og tilsette
  • Dele kunnskap om barn si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i barnehagen
  • Veilede og støtte det øvrige personalet i det pedagogiske arbeidet
  • Aktiv deltaking i leik og kvardagsaktivitetar. Ta i vare barna sitt behov for leik og omsorg
  • Vere med og utvikle det pedagogiske tilbodet i barnehagen, og vere aktiv i evalueringsarbeid og utviklingsarbeid
  • Medansvar for tilrettelegging for eit godt samarbeid med føresette
  • I pedagogisk leiar sitt fråvær skal barnehagelærar vere stedfortredar
  • Halde deg fagleg oppdatert, samt delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd, mellom anna gjennom Læringsverkstedet Akademiet

 

Kven vi trur kan passe i rolla

Du må vere ein relasjonsorientert person som ser kvart enkelt barn. Du lyttar og er lydhøyr på kva barna ønskjer å formidle. Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barn sin leik og utvikling.
Du står fram som løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. Du har evne til å oversikt, organisere og tilpasse arbeidet etter barna sine behov.  For å lykkast i rolla må du kunne kommunisere med menneskjer med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og være ansvarsbevisst. Du må identifisere deg med Læringsverkstedet sine verdiar, og behandle andre med respekt og likeverd.

 

Kvalifikasjoner

  • Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
  • Interesse og kompetanse for vårt konsept og arbeid med barn
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ønskeleg
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner
  • Du må være ein aktiv vaksen som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ønskjer å formidle
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
  • Politiattest må leggast føre før tiltreding, men skal ikkje leggast ved søknad
  • Søkaren må vere personleg skikka for stillinga.

 

Om Læringsverkstedet

I Læringsverkstedet jobbar vi for å få barna til å vokse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati. Vi ser etter medarbeidarar som ønskjer å bidra og gje av seg sjølv, som evner å lytte til andre, dele erfaringar og styrke felles ambisjonar. Viljen til hele tiden å bli betre, både fagleg og menneskeleg, er ein føresetnad for alle som jobbar i Læringsverkstedet.
Vi er ein av Norges største private barnehageeigarar med 250 barnehagar og 7000 tilsette, og vi er eigd og drifta av pedagogar. Hos oss vil du oppleve eit stort fagleg nettverk og vårt løfte til alle tilsette er: "Hos oss har du alle moglegheiter til å utvikle deg både fagleg og menneskeleg, og gjere verdas viktigaste jobb på best mogleg måte."

 

Vi får verdens viktigste verdier til å vokse!