Barnehagelærer
Bli med og få verdas viktigaste verdiar til å vekse
Barn treng trygge og engasjerte vaksne som lyttar, deltek og bryr seg. Vi søkjer deg som brenn for barns trivsel, og ynskjer å bidra til ein god og trygg barnehagekvardag.
Kvifor jobbe hjå oss?
Hjå oss vert du ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du får tilgang til eit attraktivt pedagogisk konsept, rikeleg med fagleg materiell og gode moglegheiter for kurs og vidareutvikling gjennom Læringsverkstedet Akademiet. Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, samt tariffavtale gjennom PBL.
Hjå oss får du utvikle deg - og vere med på å gjere verdas viktigaste jobb.
Er du den vi leitar etter?
Som barnehagelærar har du fagleg og administrativt medansvar. Du bidreg til å setje verdiane og kvalitetsarbeidet ut i praksis, og deltek aktivt i planlegging og gjennomføring av kvardagsaktivitetar, prosjekt og pedagogisk arbeid.
Kven ser vi etter?
Vi treng vikar i tidsrommet 15. august 2026 til 31. august 2027. Vi søkjer ein varm og engasjert barnehagelærar som ser kvart enkelt barn. Du er lyttande, relasjonsorientert og deltekt aktivt i barnas leik og utvikling. Du har faglege ambisjonar, skapar engasjement og samarbeider godt med andre. Du er løysingsorientert, fleksibel og trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar. Vi ynskjer ein omsorgsfull og tydeleg vaksen som deler verdiane til Læringsverkstedet.
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar/ førskulelærar
- Erfaring frå barnehage er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing
- Personleg eignaheit vert vektlagd
Om barnehagen og Læringsverkstedet
I Læringsverkstedet arbeider vi for at barn skal vekse - i tryggleik, empati, meistring og fellesskap. Vi ser etter medarbeidarar som engasjerer seg, lyttar til andre og bidreg positivt i kvardagen. Hjå oss er vilje til utvikling, både fagleg og menneskeleg, ein naturleg del av arbeidet. Barnehagen ligg i sentrum av Nordfjordeid, og har 4 avdelingar.
Læringsverkstedet er ein av dei størst private barnehageeigararane i Noreg, med om lag 250 barnehagar og 7000 tilsette. Du vert ein del av eit stort fagleg fellesskap, og vi gjev deg gode moglegheiter for utvikling. Hjå oss får du gjere verdas viktigaste jobb - på best mogleg måte.